Manger cup 2026
Rollebeskriving for Trenar
Fotballtrenaren har det overordna ansvaret for den sportslege aktiviteten i laget. Trenaren skal bidra til utvikling av spelarar og lag gjennom gode treningar, trygg leiing og eit positivt læringsmiljø i tråd med Radøy Fotballklubb sine verdiar, gjeldande sportsplan og NFF sine retningslinjer.
Ansvarsområde
- Planleggje og gjennomføre treningar og kampar.
- Leggje til rette for utvikling av tekniske, taktiske, fysiske og sosiale ferdigheiter.
- Skape eit trygt, inkluderande og motiverande miljø for alle spelarar.
- Følgje opp spelarar på ein rettferdig og respektfull måte.
- Fremje Fair Play, gode haldningar og respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og publikum.
- Samarbeide med lagleiar, føresette og klubb om aktivitetar og utvikling av laget.
- Delta på trenarmøte og bidra til å følgje klubben sin sportsplan.
- Sikre at trening og kampverksemd blir gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte.
Forventningar til rolla
- Vere ein positiv rollemodell for spelarar og føresette.
- Møte førebudd til treningar, kampar og møter.
- Kommunisere tydeleg og respektfullt.
- Bidra til trivsel, meistring og fotballglede for alle spelarar.
· Følgje NFF sitt utviklingsprinsipp om «flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg» ved å skape eit inkluderande og utviklande miljø som gir alle spelarar moglegheit til å trivast, utvikle seg og bli verande i fotballen så lenge som mogleg.
Mål for rolla
Trenaren skal utvikle spelarar både sportsleg og menneskeleg, og legge til rette for at alle får ei positiv, trygg og lærerik fotballoppleving.