[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Attende

Melding av avvik

For å sikre eit trygt, inkluderande og godt fotballmiljø er det viktig at alle som er involverte i klubben melder frå om avvik. Eit avvik er ei hending eller eit forhold som ikkje er i samsvar med klubben sine retningslinjer, verdiar, rutinar eller gjeldande regelverk.

Avvik kan til dømes vere:

  • Brott på Fair Play-prinsippa.
  • Uønskt åtferd eller manglande respekt.
  • Mobbing, diskriminering eller trakassering.
  • Forhold som kan påverke tryggleiken til spelarar, trenarar eller publikum.
  • Manglande etterleving av klubben sine rutinar eller vedtak.
  • Skadar på anlegg, utstyr eller eigedom.

Alle spelarar, føresette, trenarar, lagleiarar, dommarar og andre frivillige vert oppmoda til å melde frå om avvik så snart som mogleg. Innmelde avvik skal behandlast konfidensielt og følgjast opp på ein ryddig og respektfull måte av klubben.

Målet med avvikshandtering er å lære, forbetre og førebyggje, slik at klubben kan tilby eit trygt og positivt miljø for alle.

Skjema for melding av avvik finn du her: Wordformat(docx) eller pdf-format

Dette kan sendast på e-post til [email protected] eller vanleg post. Adressa finn du her.

Custom image