[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Attende

Sportsleg utval 

Føremål 

Sportsleg utval skal vere klubben sitt rådgjevande og koordinerande organ i sportslege spørsmål. Utvalet skal bidra til å utvikle fotballtilbodet i tråd med klubben sine verdiar, mål og sportsplan. 

Hovudoppgåver 

  • Sikre at klubben føl vedteken sportsplan 
  • Bidra til utvikling av den sportslege verksemda i klubben 
  • Vere rådgjevande organ for sportsleg leiar og styret i sportslege spørsmål 
  • Arbeide for ein raud tråd frå barnefotball, ungdomsfotball og fram til seniorfotball. 
  • Følgje opp sportslege mål og tiltak vedtekne av styret 
  • Bidra til rekruttering og utvikling av trenarar 
  • Leggje til rette for erfaringsdeling og samarbeid mellom laga 
  • Drøfte og kome med tilrådingar i sportslege saker som vert lagde fram for utvalet 
  • Bidra til planlegging og gjennomføring av kompetansetiltak for trenarar og lagleiarar 
  • Vere pådrivar for gode verdiar, fair play og inkluderande aktivitet 

Ansvarsområde 

  • Sportsplan og sportslege retningsliner 
  • Trenarutvikling 
  • Spelarutvikling 
  • Sportslege arrangement og tiltak 
  • Samordning mellom aldersgrupper og lag 

Organisasjonsmessig tilknyting 

  • Oppnemnd av styret 
  • Rapporterer til styret gjennom sportsleg leiar 
  • Samarbeider med trenarar, lagleiarar og andre utval i klubben 

Samansetjing 

Sportsleg utval skal bestå av: 

  • Sportsleg leiar 
  • Barnefotballansvarleg 
  • Ungdomsfotballansvarleg 
  • Seniorfotballansvarleg 
  • Dommaransvarleg 
  • Rekrutteringsansvarleg 
  • Ansvarleg trenarrettleiar

Kvalifikasjonar 

  • Interesse for spelar- og trenarutvikling 
  • Kjennskap til klubben sin sportsplan 
  • Evne til samarbeid og heilskapleg tenking 
  • Engasjement for klubben sine verdiar og mål 

Arbeidsmåte 

  • Ha jamlege møte gjennom sesongen 
  • Behandle sportslege saker etter behov 
  • Bidra til god kommunikasjon mellom lag, trenarar og styret 
  • Arbeide langsiktig for utvikling av klubben sitt sportslege tilbod 

Målsetjing 

  • Skape eit trygt, utviklande og inkluderande fotballmiljø 
  • Sikre høg kvalitet på aktivitetstilbodet 
  • Utvikle spelarar, trenarar og lag i tråd med klubben sine verdiar 
  • Bidra til at flest mogleg spelar fotball lengst mogleg 
Custom image