Rollebeskriving for dommaransvarleg
Hovudoppgåver
· Ansvar for å rekruttere, halde på og utvikle dommarar i klubben, både klubbdommarar og krinsdommarar
· Kontaktperson for lagleiarar og trenarar når det gjeld tilbakemeldingar på dommarar
· Følgje opp og rettleie dommarar i kamp
· Gjennomføre klubbdommarkurs i forkant av sesongstart, for både nye og eksisterande dommarar
· Skal ha ansvar for å tilby dei som har ambisjonar og talent, vidare oppfølging og etterutdanning i nært samarbeid med krinsen
· Ha oversikt over dommarane i klubben, både klubbdommarar og krinsdommarar. Til ein kvar tid ha ei oppdatert liste over dommarane i klubben med rett kontaktinformasjon
· Sørgje for å setje opp dommarar til kamp der krinsen ikkje set opp dommarar, gjeldt 7-ar-, 9ar- og 11ar-kampar
· Forventning om å delta på samlingar i regi av kretsen
Organisasjonsmessig tilknyting
· Rolla rapporterer til leiar for sportsleg utval i Radøy Fotballklubb. Dommaransvarleg blir invitert til å være med i sportsleg utval
Ønska kvalifikasjonar
· Dommaransvarleg må vere ein kyndig person
· Kunnskap om fotballdømming
Engasjementsperiode
· Dommaransvarleg sit minimum 2 år om gongen for å sikre kontinuitet
· Rolla er ikkje valbar på årsmøtet, men vert utpeikt av styret etter direkte dialog med aktuelle kandidatar