Rollebeskriving for materialforvaltar
Hovudoppgåver
· Materialforvaltaren har det overordna ansvaret for alt av sportsleg utstyr i klubben/laget. Vedkomande skal sørgje for at trenarar og spelarar har dei nødvendige føresetnadene for å gjennomføre trening og kamp på ein effektiv måte.
· Utarbeide reglar for oppbevaring og bruk av utstyr som er Radøy FKs eige
· Varetelling desember kvart år
Arbeidsoppgåver og ansvar:
· Utstyrskontroll: Ha oversikt over og vedlikehalde ballar, kjegler, vestar og anna treningsutstyr.
· Draktansvar: Ansvar for innkjøp, distribusjon og vedlikehald av drakter og lagklede i tråd med klubben sine avtalar.
· Bestilling: Vere bindeledd mot utstyrsleverandør og administrere bestillingar i samråd med sportsleg leiar.
· Orden i utstyrsromma: Sørgje for at ballbuer og utstyrsrom er ryddige, og at alt
utstyr er merka med klubben sitt namn/logo.
· Gjenbruk og berekraft: Leggje til rette for gode rutinar for innlevering og gjenbruk av utstyr som framleis er brukbart.
Organisasjonsmessig tilknyting
· Materialforvaltar rapporterar til styret.
Kvalifikasjonar
· Kunnskap om materialforvaltarrolla.
Engasjementsperiode
· Materialforvaltar sit minimum 2 år om gongen for å sikre kontinuitet.
· Rolla vert utpeikt av styret etter direkte dialog med kandidatar.