Manger cup 2026
Foreldrevettreglar
Basert på foreldrevettreglane frå Norges Fotballforbund (NFF).
- Møt opp på treningar og kampar. Barna set stor pris på at du er til stades.
- Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen, ikkje berre ditt eige barn.
- Respekter trenaren, hjelpetrenaren og lagleiaren sine val og disponeringar. Ikkje prøv å påverke avgjerdene deira.
- Sjå på dommaren som ein rettleiar og viktig del av spelet. Respekter avgjerdene som blir tekne.
- Hjelp barnet ditt til å handtere både siger og tap på ein god måte.
- Oppmuntre barnet til å delta og ha det kjekt, men unngå å leggje unødig press på det.
- Spør gjerne om kampen var spennande og morosam, ikkje berre om resultatet. Lat barnet få fortelje om eigne opplevingar og inntrykk.
- Har du innspel til klubben, trenerar eller sportsleg opplegg, set vi pris på at du deler dei med styret eller sportsleg ansvarleg. Slik kan vi utvikle oss og bli betre.
- Sørg for at barnet har fornuftig og føremålstenleg utstyr. Det viktigaste er trivsel og speleglede.
- Vis respekt for arbeidet som blir lagt ned i klubben. Klubben er avhengig av engasjerte foreldre og frivillige.
- Hugs at det er barnet ditt som spelar fotball, ikkje du.
- Ver eit godt førebilete. Som forelder er du, på same måte som trenarar, lagleiarar og andre frivillige, med på å forme miljøet rundt barna.
- Ikkje snakk ned trenarar og lag ovanfor barnet.