[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Attende

Fair Play

Fair Play er samlenamnet på verdiarbeidet i norsk fotball. Det handlar om korleis ein oppfører seg både på og utanfor bana, med respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum. 

Fair Play skal:

  • Skape trygge og gode fotballopplevingar for alle.
  • Fremje respekt, inkludering og fellesskap.
  • Sikre at reglar og retningslinjer blir følgde.
  • Motverke mobbing, vald, diskriminering og usportsleg oppførsel. 

For Radøy Fotballklubb inneber dette:

  • Å helse på motstandarlaget før kamp.
  • Å respektere avgjerdene til dommaren.
  • Å oppmuntre medspelarar og vise respekt for motstandarar.
  • At foreldre og publikum opptrer positivt frå sidelinja.
  • Å takke for kampen etterpå.  

Fair Play betyr å spele fotball på ein måte som viser respekt, glede og god sportsånd. 

Custom image