[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbkolleksjonen

Knallstart for A-laget

Forfatter: Jon Halstein Tjore

25. april 2025

Forside
News article image

Knallstart for A-laget

Radøy sitt 5. divisjonslag starta sesongen med ein sterk 6-0 siger mot Øygarden på ei rekordtidleg grasbane på Sletta fredag.

Det er lenge sidan ein har spelt seriekamp på Sletta i april. Bana var framleis litt graslaus og humpete i enkelte parti så då må ein også tilpasse spelet litt etter dette. Trenarduoen Gei Atle Osa og Thomas Rønn-Aar hadde lagt ein god kampplan som laget følgde. Det betydde ein meir direkte spelestil med fleire langballar og at ein ikkje tok for store sjansar med småspel bak. Dette fungerte godt og laget kunne gå til pause med 5-0 leiing.Etter berre 5. minutt vart Sander Rath spelt gjennom, runda keeper og sette ballen i nettet. Martin Tjore Espenes auka leiinga sju minutt seinare med ein frekk vipp med hælen over keeper. 10 minutt før pause var det Erland Soldal Sæbø sin tur å skåre. 17-åringen leverte ein god kamp og i vant stil med enorm kondisjon var han over alt på bana. Magnus Fjeld la på til 4-0 i det 42. minutt før Marin skåra sitt andre for kvelden rett før pause.I andre omgang var Radøy solide og sleppte Øygarden lite til. Radøy skåra heller ikkje før Øygarden sin keeper plukka opp eit tilbakespel med hendene. Frisparket sette Ivan Stautland Valdersnes kontant i nette frå kort hald. Dermed vart det feiring i garderoben etter ein solid 6-0-siger.  

Foto: God start for A-laget til Radøy på Sletta fredag.

Custom image

Tekst og bilete: Jon Halstein Tjore