[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbkolleksjonen

Siger for damelaget

Forfatter: Hildegunn Grindheim

25. april 2025

Forside
News article image

Radøy sitt damelag spelte sin første seriekamp onsdag 23.april mot Tertnes. I år stiller damelaget med 7ar-lag, og var veldig spente på seriestarten med tanke på få folk og ein del avlyste treningar i løpet av vinteren. På kampar stiller me derimot kvinnesterke. Med to spelande trenarar steppa det opp to andre som holdt styr på tid og bytting frå sidelinja.

Allereie i det første minuttet kom det ei skåring frå Malin Valdersnes Hovland. Resten av første omgang heldt Radøy oppe presset, og me hadde dominans på Tertnes sin banehalvdel. Det var mykje klabb og babb foran mål og me gjekk derfor til pause på 1-0, men det skulle fort ha vore 5-0.

Etter ein kort pause var damene igjen klar til dyst. Utover andre omgang heldt me oppe det samme presset som i første omgang, og det gav endeleg uttelling i form av skåringar på løpande band. Maja Hermansen kvitterte med hattrick, og til slutt enda det opp med 7-0 siger til Radøy-damene.